Open today 12 — 17
Free entry

Eva Kun

MELLOM GOLV OG TAK

13.05.04 — 06.06.04
Sal 2 4

"Høgde, horisont, å være under eller over noko er fundamentale erfaringar for vår oppleving av rom og vår relasjon til det. Installasjonen utfordrar våre vante oppfatningar av forholdet mellom grensene, mellom golv og tak. Lyset er «materialet» som gir endringane kvalitet ved sitt moderate eller overdådige nærvere. Teknisk består installasjonen av malt kryssfiner og rammeverk av tre i sal 1, og stretchstoff spent på plastrøyr-rammer i sal 2

Hensikten var å erfare det kumulerte lyset i rommet i og frå ein endra horisont. I det eine rommet skråna eg golvet slik at det på det høgaste punktet man kom så nær taket at ein rørte taket med hovudet. I det andre rommet hadde eg ei halvtransparent tekstilflate spent opp mellom veggane. Den reflekterte lyset sterkt. Dei besøkande dukka under det litt skrånande tekstilflata for å komme inn i rommet som fanga det sterke lyset frå vindua i karnappet. Under stoffet var det naturlegvis meir skyggefylt. Gjennom ein større rund opning i duken ein kunne ha ein del av kroppen over tekstilflata og vere i det strålande lyset og dykke ned igjen i det skyggfulle rommet rett under. Det var intensjonen i alle fall.

Rommet ga meir uønska motstand enn eg ønska, sidan dei gamle veggane smuldra uvanleg sterkt og pluggane slepte taket. Dermed vart oppspenning av duken vanskeleg å styre. Eg har ikkje brukt prosjektet i presentasjonar, fordi eg vart ikkje heilt fornøgd med resultatet." - Eva Kun

Sal 2 1
Sal 1 2