Solfrid Olette Mortensen

SUM

15.07.89 — 13.08.89

SUM teikning og skulptur. Utstilling av Solfrid Olette Mortensen i Oslo Kunstforening i tida 15.juli - 13.august.

Det kan hende at ein blir litt forundra når ein ser ringen slutta omkring seg. Særleg i skapande arbeid oppleverein å møte seg sjølv med mellomrom, men det er alltid på nye måter, i ein veksande spiral. Til utstillinga i Oslo Kunstforening arbeider eg med teikning (kol og pastell),og skulptur i paraffinvaks. Men eg kom frå tekstiltrykket, og det er i dette at eg no møter meg heime.

I teikning har eg arbeidd med strukturar som påminner om knipling og fløyel, om trykte kledemønster såvel som tørka terakotta og trestrukturar. Bygd opp omkring enkle former i store monumentale bilder, eller i ornament-identitetar i dei mindre verka. Eg forsøker å gi dei ulike stemnings erindringer i farge og form, og det er som breibarma bestemødre kjem til meg i dei fargerike sumar-forklea sine Kvardagskvinner. Strukturen går att i dei støypte vaks-skulpturane si overflate. Men her er den meir hud eller underkleda som er assosiasjonen. I "Anfang'' prøver eg møtet mellom tekstil-fiberen og den flytande-størkna massa, -og i "BERARAR" lagd til utstillinga X3M på Hå Gamle Prestegård på Jæren i april i år, hadde eg oljeindustrien og forureining i tankane. Tæra ozonlag og drivhuseffekta vil fysisk smelte tonnet med paraffinvaks i dei fire bastante berarane, slik som og vårt grunnfundament vil forgå dersom forbruks-galskapen får halde fram. SUM kallar eg utstillinga fordi eg her tar ei kunstnarleg oppsummering, fordi det er sumar, og fordi eg i biletbygginga har nytta ein matematisk konstruksjon. Om bilda held det eg her lover, er de velkomne til å sjå sjølve i løpet av monteringsveka 10.-15.juli og i den ordinære åpningstida.